Om oss

Eikefjord Årelag skal vere eit organ for å ta vare på gamal sjøkultur i Eikefjord og dei omliggande fjordarmane inkl. felles kystlinje for desse.
Arbeidet til laget skal vere basert på frivillegheit hos medlemane med støtte frå samarbeidspartnerar.
Døme på kva dette arbeidet kan gå ut på er:
* Skaffe gamle bilde som viser bruken av robåten i ferdsel, fiske, jakt osv.
* Auke kunnskapen om dei ulike båttypane og deira fordelar
* Halde i hevd kunnskap om val av material ved bygging av båt/årar
* Halde i hevd kunnskapen om vedlikehald av båtane
* Halde i hevd kunnskap om gamle fiskeplassar/me
* Halde i hevd kunnskapen om gamle fangst- og fiskereiskap
* Halde i hevd kunnskap om gamle buplassar i området og historia om desse
* Fremje kunnskap om roing og opplevinga av den rekreasjonen dette kan gje