Nyhende

18.06.2012
Kom over ein artikkel i Bergen Tidende 20.mai om "Kunsten og ro, kunsten å samarbeide"
Artikkelen tar for seg mykje av det som låg til grunn for vårt samarbeid med Eikefjord Skule
Sjå nyhende av 07.09.2011 under på denne sida


09.05.2012
Vyrde åreeigarar!
Vil dele eit flott syn som møter meg her på Hauglandsenteret under mitt opphold fra 9 mai til 30 mai.
Tenk om vi kunne hatt ein slik samling liggande i Eikefjord også.

Skal vi ha årsmøte i år eller skal vi senke skuldrane og kvile på årane til 2013?
Kva med å legge det til Grønnevika eller ei anna vik?
Gode forslag mottas med takk på: Kontakt oss
Mbh
Atle Erling
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
07.09.2011
Friluftslivsveka 5.- 7.klasse Eikefjord skule.
Trass i nokså dystre vermeldingar, har mellomtrinnet ved Eikefjord skule avvikla dei fleste aktivitetane sine i friluftslivsveka i ganske fint ver. Måndag var det tradisjonell idrettsdag på stadion i Kvalvikdalen med hopp, løp og kast med sol og fint, varmt ettersommarver. Tysdag drog vi på tur til Kvalvikstøylen, og hadde ein triveleg dag utan regn. Litt kjøleg vind vart det oppe i høgda, så det var ekstra fint at sola innimellom leika med over lyngrabbane.
Rosinen i pølsa hadde vi lagt til onsdagen, då vi hadde avtale med Eikefjord Årelag om aktivitetar på og ved fjæra på Sørbøen. I lett siperegn møtte vi fram med godt mot og redningsvestar på piren hans Per Øyvind, der Atle Erling Grøneng og Per Øyvind Sørbø, tok vel mot oss. Med elevar og lærarar vagla langs rekkverket på piren, fekk vi ei interessant innføring i robåt og robåtbaserte aktivitetar generelt, og tradisjonelle nemningar frå trebåtverda spesielt. Alt framført frå oselvaren som andøvde inne ved piren. Dei to frå Årelaget fylte både rolla som mannskap i oselvaren og som interessante formidlarar av båtlivet i vestlandsfjordane :«då vi var så gamle som de».
Ganske snart slutta det også å regne, noko som var eit stort gode, for å ro færing med regnjakkehette på seg, det er ei øving mest for vidarekomne. Det stilna fint av på fjorden, og alle fekk seg minst ein tørn ved årane i ein av dei tre båtane vi kunne disponere. Her øvde vi på å ro, hamle og å snu båten.
Og etterpå vart det tent opp bål i grillane på stranda, og kanskje neste år skal vi gjere oss så mykje føre at grillmaten vert meir sjøprega enn kva han vart denne gongen?

Tusen takk til dei som lånte oss båtane sine, og til Atle Erling og Per Øyvind i Eikefjord Årelag som var med oss på ein kjekk og lærerik dag. Spør oss gjerne om kva ei nygle er!

Helsing
Elevar og lærarar på mellomtrinnet ved Eikefjord skule.
Foto: Marit Langedal Endestad
Atle Erling og Per Øyvind orienterer
Atle Erling og Per Øyvind orienterer
Undervisning fra oselvaren
Undervisning fra oselvaren
Framtidige medlemmar i Årelaget?
Framtidige medlemmar i Årelaget?
31.08.2011
Krabbefesten i naustet til Per Øyvind blir avlyst kommande laurdag 3 sept, då den kolliderer med Takkefesten til grendalaget i samband med Eikefjord Dagane 2011
Vi oppfortrar alle medlemmane om å melde seg på denne festen til:Ring/sms 46681680 eller
send mail til: Cathrine S. HolsenGardner
eller på facebook gruppa:
http://www.facebook.com/event.php?eid=249043378460303
Sjå også :-) "Aktivitetskalender"

24.08.2011
Eikefjord Skule ynskje sammarbeid med Eikefjord Årelag under gjennomføringa av friluftsveka for mellomtrinnet. Styret i årelaget rettar ein forespørsel til medlemmane om vi kan få bruke ein 3-4 av båtane i laget i samband med dette arangementet der piren til Per Øyvind vil vere (kateter/klasserom) for kunskapsformidlinga vi skal gje til elevane på mellomtrinnet. Vi tykkjer dette fell fint inn i vårt arbeid med formidling av kunnskap om robåten historie og bruk/bruksområde.
Legger ved infomail fra lærar Vigdis Solberg og håper at vi kan stille med 3-4 båtar.
Atle Erling og Per Øyvind vi ta seg av opplegget på sjølve dagen.

Kjære leiar i Eikefjord årelag!
Takk for imøtekommande samtale med både deg og Per Øyvind!
Eikefjord skule skal ha friluftsveke i veke 36, og mellomtrinnet ønskjer å ha robåt på programmet ein av dagane i løpet av veka.

Vi ser for oss at dei får ei innføring i korleis båtane har vore nytta i distriktet, kunnskap om sjølve båten og høve til ein rotur under trygge rammer. På mellomtrinnet er vi 42 elevar i alderen 9-12 år.

Ser fram til nærare samarbeid.

Med vennleg helsing
Lag 2 ved Eikefjord skule,
Vigdis Solberg
21.08.2011
Eikefjord Dagane 2011 er over og vi set alle att med ein god følelse av dagane. Vergudane var atter eingong med oss og folk strøymde til Eikefjorden. Eikefjord Årelag hadde sin stand på piren til Per Øyvind på Sørbøen. Besøket var vel ikkje det heilt store grunna den perifere plasseringa, men nokre av medlemmane og ein del andre stakk innom.
Men medlemmane var godt synlege med sine fine lagsskjorter i den store folkemengda.
Det var ikkje så mange lagsbåtar som hadde samle seg langs piren, slik at det vart ein heller redusert "flotilje" Roinga vart det også lite av, men ein 2-3 lagsbåtar vart på laurdagen observert på jakt etter ein badeball på avveie. Rykte som går, seier at var det lagsbåten XO `en som vann kapproinga etter badeballen og det er vel naturleg med slike habile roarar som denne båten har som mannskap.
Det vart tatt nokre bilder av eikefjord.net sin reporter som vi her gjenngjev.
Leiaren vil påpeike at dere finn 2 feil og ei usømeleg handling på det eine bildet. Hadde leiaren vore tilstades ville feila og den usømelege handlinga ikkje vorte dokumentert på denne måten, men grunna andre påkrevde gjeremål under ED var han forhindra frå å vere tilstades på standen til Eikefjord Årelag

Finn dei 2 feila og den usømlege handlinga på det eine bildet og send svaret til: flaskepost@aarelaget.no
Du vert då med i trekninga av ei lagsskjorte.
Staute lagsmedlemmar
Staute lagsmedlemmar
Lagstelt på Sørbøpiren
Lagstelt på Sørbøpiren

01.08.2011

Er dette eit mål for nokon i Eikefjord Årelag? www.rodegned.no
Hadde vore ein fin ferie om to båtlag hadde sett seg eit slikt mål. Vi hadde sikkert blitt sponsa av Hurtigruten med frakt av båtane til Nordkapp.
Utdrag av programmheftet ED 2011

26.07.2011

Vi nærmer oss den store dagen i Eikefjord
EIKEFJORD DAGANE 2011
Som dykk ser av utdraget av programmet, så satser årelaget på å stille med ein "flotilje" med robåtar under dagane. Tilhaldstaden for denne blir langs piren hos Per Øyvind på flo sjø. Ved fjære vil vi måtte vere på fjorden. Om vi kan moblisere alt av robåtar i bygda og kringliggande bygdelag vil dette verte eit flott innslag under ED 2011

Etter ynskje fra mange av lagets åreholdarar har vi skaffa oss medlemmskjorter. Vi ber om at lagsmedlemmane nyttar desse under ED slik at vi får markedsført laget vårt og blir godt synlege under dagane.

Skjortene har vi i størrelse L-XL-XXL Prisen for skjortene er kr.200,-
Då har laget ei inntekt på kr.100,- per skjorte. Vi håper dette er ein akseptabel pris. Skjortene kan kjøpast ved å kontakte Atle/90053141 eller Per Øyvind/48024999
Vi ser helst at betaling skjer ved innbetaling til laget sin konto: 3705 17 33887

Vi vil også oppfordre alle lokale lagsmedlemmar om å stille opp på dugnadsarbeid i forkant av ED

30.06.2011
Turen i Grønnevika går som planlagt i morgon kveld. Nestleiar Per Øyvind Sørbø set i bakskåten og stakar ut kursen til Ruth og Arne. På returen oppfordrar leiaren nokon andre roarar om å stake ut kursen :-) då leiaren i laget ikkje er med. God tur! Hels vertskapet fra ein feriearande leiar..
20.06.2011
I går sjøsette lagsmedlemmet Lars Grøteide sin seksring i Eikefjord. Han var til Tysnes og henta den i helga og dette er ein båt som har vore med på Tysnes rundt. Vi ynsker båten og eigaren velkommen til Eikefjord og vi håpar dei finn seg til rette her i fjorden.
16.06.2011
Emne: Tur i Grønnevika
Vyrde Årelagsmedlemmar!
Som tidliger omtalt har Eikefjord Årelag på sin aktiviteskalender satt opp tur til Ruth og Arne i Grønnevika fredag den 1 juli. Ruth og Arne gler seg til at årane legg til ved sjøbua deira. Om ein ikkje rek innatt langs landskuggen ut på morgonkvisten, med senka skuldrar og kvild på årane...:-) har dei rydda veg for telting på bøen hos naboen for dei som vil.
Dei vil by på noko å bite i og badestampen heime på tunet deira vil vere oppfyrd for dei som vil lauge seg etter åretaka ut i Grønnevika. (vi kan gjerne ta med litt proviant og drikke under tofta kvar av oss også:-)
Avreise i frå gjestebrygga i Eikefjorden er sett til kl.18.00 på fredag. men det er lov å reke til frå andre plassar også om det passer bedre. Ankomst i Grønnevika ca. kl.19.30
Ruth og Arne ville sette stor pris på få ei oversikt på kven av oss som kjem, dette for at dei skal kunne førebu seg litt til flotiljen.
Så vyrde trebolar ver vennleg å gje meg ei tilbakemelding innan fredag den 25 juni slik at Ruth og Arne kan planlegge litt. Tvi,tvi
27.05.2011
Eikefjord Årelag har sendt ut faktura for årskontigenten 2011 i flaskepost til alle medlemmane, med frist for betaling den 15.juni.
faktura_kontigent2011.pdf

26.05.2011
Eikefjord Årelag har "sjøsett" nettsida: www.aarelaget.no.

17.05.2011
Eikefjord Årelag markerte seg godt i borgartoget 17. mai i Eikefjord.
Men vi vann ikkje fram med tanke på å vinne premien for beste innslag i toget. Det var det Eikefjord Ungdomslag som vann fortent.

25.03.2011

Eikefjord Årelag avvikla sitt første årsmøte i går torsdag 24. mars i
lokala til Steinvik Fiskefarm AS i Steinvika, Høydalsfjord.