Velkommen til Eikefjord Årelag!
Laget for dei gode stunder med bølgjeskvulp langs båtsida, lett knirk av årar mot vætte keipar.
Rolege åretak langs landskuggen i skumringstimen med ein annan sin rygg i takt med dine åretak.
Ein lett prat med ryggen framføre deg, vi kviler litt på årane og søkjer fred og ro i sjela.
Ei oppleving enten du er einsam eller i lag med andre lagsmedlemer på tokt etter viten, kunnskap til inntekt for minne om ei anna tid. Bli med oss og kvil på årane...

Tips om nettsida